Laks og dyrevelferd
Merder i Romsdalsfjorden.
Foto: Paul Kleiven
Ved ein inspeksjon i vår fann Mattilsynet opne sår på tusenvis av laks på eit SalMar-anlegg på namdalskysten. SalMar fekk ei bot på 1,7 millionar kroner, ein drope i havet for milliardkonsernet. Denne veka skriv vi om det store omfanget som desse sårskadane har i norsk lakseoppdrett.
Anlegget på namdalskysten er berre eitt av mange anlegg der fisken utviklar såkalla vintersår. Millionar av laks får slike sår i norske oppdrettsanlegg kvart år. Og dette er berre eitt av fleire alvorlege sjukdomsproblem i norsk lakseoppdrett. Eit anna er kronisk gjellebetennelse. Infeksjonar – som ser ut til å bli vanlegare di meir fisk som står i merdane – fører til øydelagde gjeller som gjer at fisken får pusteproblem og til slutt vert kvelt. Gjelleproblema er rangert som den viktigaste einskildsjukdomen i lakseoppdrett.
Dei store sjukdomsproblema bør føra til ei endring i måten lakseoppdrett blir drive på. Vi kan starta med språket. Som Arve Nilsen i veterinærspalta her i Dag og Tid har skrive, bør vi slutta å snakka om levande laks som «biomasse» og at fisk som døyr, er «svinn».
Omgrepet biomasse høyrer ikkje heime i husdyrhald. Vi har inga omsut for ein biomasse. Slik talemåte gjer laksen til ei rein råvare og ikkje eit levande vesen. Lakseoppdrett er husdyrhald og må styrast etter andre dyrevernsprinsipp enn vi har for fiske og fangst.
I eit godt husdyrhald vil ein ikkje skålda dyra slik ein i praksis gjer når ein badar levande laks i vatn på opptil 34 grader for å få bort lusa. For eit vekselvarmt dyr som laksen, med ein trivselstemperatur på 10-12 gradar, er denne behandlinga ei ekstrem påkjenning.
Temperaturen i lusebada gjev ikkje fisken brannsår, men han får tydelege smerter. Folk som har sett film frå slike lusebehandlingar, fortel at laksen ofte får panikk og slår seg helselaus inne i behandlingskammera. Slik kan ein ikkje driva på.
Luseproblemet – og dei lidingane lusebehandlinga fører til – er eitt av mange argument for at meir lakseoppdrett må over i lukka system.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.