JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Lagnadsvalet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2203
20201030
2203
20201030

Om noko kan kallast eit lagnadsval, må det vera det komande amerikanske presidentvalet. President Trumps politikk dei siste fire år har rett nok hatt sine positive sider – som at USA ikkje har byrja ein ny krig under Trump. Det er ikkje lite når vi enno opplever dei tragiske følgjene av krigane i Afghanistan, Irak og Libya. Det er lett å gløyma George W. Bushs feilslegne og aggressive krigføring etter terroråtaka 11. september 2001.

Men skulle Trump få halda fram, er det så mykje anna som står på spel. Som truverdet til pressa. Trumps stadige utskjelling av media som «fake news» og ein «fiende av folket» er farleg når vi veit at media er ein avgjerande institusjon for å sikra demokratiet. Trump forsøplar ordskiftet med utfall som «Lock her up!» og nedvurderinga av legitimiteten til motparten.

Alvorleg er òg nedrakkinga av domstolar som går imot han, og det at han trekkjer inn bakgrunn og etnisitet for å delegitimera dommarane. Det heile følgt opp med utnemninga av ny høgsterettsdommar ei veke før valet, i strid med den politiske tradisjonen.

Og eit land som USA, som fyrst i 1964 forbaud diskriminering basert på «rase, hudfarge og religion», treng ein president som står fram med tydelege tale mot rasisme. Meldinga frå Trump til den høgreradikale gruppa Proud Boys om å «stand back and stand by» er sjølve botnnivået så langt.

Ein bør ikkje ha nokon illusjon om at det amerikanske samfunnet var sameina før Trump. Det er berre å minna om riksrettssaka mot Bill Clinton i 1990-åra. Og konfliktane i det amerikanske samfunnet dreier ikkje seg berre om rase, men òg om vinnarar og taparar som følgje av dagens økonomiske politikk.

Noko av bakgrunnen for den manglande støtta til Hillary Clinton i 2016 var at mange i arbeidarklassen med rette kjende seg svikta av Demokratane og merka følgjene av frihandel og utflytting av arbeidsplassar. Den gode serien om USA av Thomas Seltzer som no går på NRK, får godt fram dei politiske følgjene av fattigdomen i USA.

Men trass i gamle konfliktliner har Trump ytterlegare spissa motsetnadene som har ført til ei urovekkjande polarisering av det amerikanske samfunnet dei siste fire åra. Den utviklinga må stoggast.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis