Lagnadsvalet
Det britiske nyvalet 12. desember er kanskje det viktigaste parlamentsvalet i Storbritannia sidan krigen. Alle partia er rause med vallovnader i alle slags saker. Arbeidarpartiet har åleine, ifylgje ei utrekning The Times har kome med, vallovnader på til saman 473 milliardar pund.
Men likevel – spaninga rundt valet gjeld om Storbritannia skal få ei nasjonalforsamling som kan gjennomføra folkeviljen frå 2016 om å gå ut av EU. Statsminister Boris Johnson gjer i all fall sitt for at det skal skje. Sist helg kunne han fortelja at alle dei konservative kandidatane no personleg har gjeve han lovnader om å røysta for brexit om partiet får fleirtal i Underhuset.
Skulle brexit så skje, kan det setja heile den britiske unionen i spel. For skottane er for EU og kan koma til å krevja ny folkerøysting om sjølvstende, og deretter gå tilbake til EU. Og fleire og fleire i Irland og Nord-Irland ser no at det ikkje lenger er utenkjeleg at Irland og Nord-Irland kan gå saman.
Skal ein tru ei gransking gjord av The Future of England, har brexit-spørsmålet no vorte viktigare enn å halda Storbritannia samla. Nesten to tredelar av skottane trur at brexit vil føra til slutten på dagens Storbritannia. Til og med 52 prosent av engelskmennene trur det. Og ikkje minst interessant: Fleirtalet i båe leirar er viljuge til å ofra dagens Storbritannia for å få viljen sin i brexit-spørsmålet.
Skottane fortener sjølvstende, om det er det dei vil. Men Skottland høyrer likevel til i Storbritannia, det er lagnaden deira. Og Storbritannia utan Skottland – attpåtil utanfor EU – vil endra maktsituasjonen i Europa.
Ja, Skottland har berre 5,3 millionar innbyggjarar og vil slik sett ikkje utgjera den store skilnaden om dei forlèt Storbritannia. Men eit lands tyngd er ikkje berre talet på menneske, men òg geografien – og historia. Storbritannia utan Skottland, utan dei 78.000 skotske kvadratkilometrane, med høglandet og øyane og havet rundt, vert då brått eit meir vanleg land – både visuelt og reelt.
Og det er uheldig for norsk tryggingspolitikk. Den nære tilknytinga vår til Storbritannia tener på at den britiske unionen er sterk, og at britane er opptekne av Noreg og kjenner slektskap med Noreg. Den korte avstanden mellom Skottland og Noreg er ein av grunnane til denne slektskapen.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Foto: Hatem Khaled / NTB
Krasnik og eg
Dei som følger debatten, kan sjå to ulike haldningar til Israel og Palestina utfalde seg.