JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Kynisk, men uunngåeleg

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1311
20200306
1311
20200306

Sist laurdag inngjekk USA og Nato ein avtale med Taliban om å trekkja dei militære styrkane ut av Afghanistan innan 14 månader. Motytinga frå Taliban er at dei skal stansa alle krigshandlingar og kutta alt samkvem med Al Qaida.

Etter at avtalen var klar, sende USAs ambassade i Afghanistan ut ei melding om at dette var byrjinga på ei «lysande framtid» for landet. Det er berre tull og ein hån mot folket i Afghanistan. Ei framtid med Taliban kan aldri verta lysande.

Dessutan har Taliban alt brote avtalen om stans i kamphandlingar, med påfølgjande gjengjeldingar frå USA. Likevel er avtalen naudsynt, og USA og Nato vedgår med dette at krigen mot Taliban aldri kan vinnast.

Dette burde USA, Nato og Noreg ha skjøna frå byrjinga av, men fåkunne og naivitet førte oss likevel inn ein krig som no har vara i 18 år. Kostnaden har det afghanske folket måtta betala.

Men no må afghanarane altså slita med Taliban i endå fleire år. Slik sett er det kynisk av USA og Nato å trekkja seg ut. Men vi er nøydde til å ta sjansen på at ein fredsavtale kan føra fram.

Ideen om at vi i Vesten, ved hjelp av enorme mengder moderne teknologiske våpen og milliardar av dollar i bistandspengar, skal kunna fiksa verda og skapa demokrati og fridom over alt, har vore ein naiv illusjon.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis