JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Kulturen i veggane

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1827
20210604
1827
20210604

NRK har vedteke å flytta til Ensjø etter over 70 år på Marienlyst. Kringkastingssjefen og NRK-styret meiner at bygningane på Marienlyst er for store og upraktiske. Sjølv om det er merkeleg at det ikkje skulle gå an å byggja om det som trengst, og leiga ut lokale som måtte vera til overs, kan sikkert flyttinga gje meir høvelege lokale.

Men flyttinga har ein annan konsekvens – det er noko som går tapt når ein forlèt Store studio og det legendariske kringkastingshuset. Den kvite bygningen med den store klokka har i alle år vore symbolet og emblemet for NRK. Det er eit tydeleg varemerke som ein skulle tru er gull verdt for ei verksemd.

Mange kjende namn er knytte til NRK på Marienlyst. Utanfor bygget står ein statue av Erik Bye, ein grønmåla benk til minne om Otto Nielsen, og minnesmerket over Alf Prøysen, «Steinrøysa neri bakken». Og ein får ei kjensle av høgtid av å koma inn i radioresepsjonen, skodespelarfoajeen eller Store studio.

Dei tre kunstverka vil nok få plass på Ensjø, sjølv om tomta der er langt mindre. Men kulturen som ligg i veggane, går tapt. Og denne kulturen – og historikken – er viktig å ta vare på når ein skal møta store utfordringar og stadig gjera tilpassingar og omorganiserar, slik NRK og alle andre mediehus må gjera i åra som kjem.

Flyttinga er endå eit døme på den effektivitetsdyrkinga som vert teken for gjeven om ein kjem i moderne lokale. Men når NRK, eller andre institusjonar, flyttar frå ærverdige bygningar der dei har vore lenge, vil litt av den institusjonelle byrgskapen gå tapt. Likeins noko av kjensla av identitet og at ein står i ein lang tradisjon som er verd å vidareføra.

Alt dette motiverer og trengst for å motverka tabloidisering og forflating av innhaldet i NRK. På Ensjø vert inspirasjonskjelda Mercedes Benz-utsalet over gata.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis