Krisa har samla ukrainarane
Om Putin og Russland vil, kan dei raskt avblåsa den spente konfliktsituasjonen vi no har mellom Russland, Ukraina og Vesten. Framferda til Russland er uakseptabel. Det er i strid med avtalefesta traktatar å utføra militært press slik dei gjer ved den ukrainske grensa. Situasjonen er forsterka ved at dei to sjølverklærte fylka aust i Ukraina, Donetsk og Luhansk, no er anerkjende av den russiske dumaen.
Men Vesten og USA har òg ansvar for å roa situasjonen og tona ned retorikken, og ikkje bera ved til bålet. Då er det ikkje klokt av Natos forsvarsministrar, slik dei gjorde denne veka, å gå saman om å auka Natos militære styrkar i Aust-Europa.
Og det er uklokt av USAs president Biden å spissa til situasjonen slik han har gjort i tale etter tale, og dermed byggja opp under krigsfrykta. Den same opphaussinga har Biden bidrege til ved å stenga ned den amerikanske ambassaden i Kiev og flytta han vestover til byen Lviv. Flyttinga er oppsiktsvekkjande, for amerikanarane pleier å vera dei siste som forlèt ein ambassade om ei krise oppstår. Denne konflikten fortel oss på nytt at internasjonal politikk er for alvorleg til å verta overlaten til amerikanarane. Som det var i Irak og Afghanistan.
Ein russisk invasjon av Ukraina vil vera i strid med kva som vil gagna Russland. Ein invasjon vil øydeleggja alle tillitsforhold til resten av Europa. Russland har dessutan ikkje økonomi og kapasitet til å halda kontroll over Ukraina. Og ein økonomisk boikott av Russland vil vera vanskeleg for landet. Problemet med ein boikott er sjølvsagt at Tyskland har gjort seg avhengig av russisk gass.
Det er å vona at Russlands handlemåte den siste tida er avgrensa til at landet vil gje ei klar melding om at Nato-grensa går mellom Polen og Ukraina. Ei slik grense bør stillteiande vera til å leva med for både Ukraina og Nato. For Ukrainas del har Russlands handlemåte uansett styrkt landet internt og samla nasjonen mot det autoritære Russland.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.