Krigsåret

Publisert

2022 vil verta eit merkeår og eit tidsskilje i europeisk historie – saman med 1956, 1968 og 1989 – og vil for alltid verta hugsa for Ukraina-krigen. Er det von om at krigen er over i 2023?

Ein skal vera varsam med å spå, iallfall vi som tok grundig feil og ikkje trudde Ukraina ville verta invadert: «Kjem Russland til å invadera Ukraina? Det er vanskeleg å sjå for seg at det skal skje, for omkostningane vil vera altfor store for alle partar», skreiv underteikna på leiarplass 7. januar i år.

No har krigen vara i ti månader. Seinast denne veka kunngjorde den russiske forsvarsministeren at talet på soldatar skal aukast til 1,5 millionar. Alt for å hindra «folkemord og terrorisme», som han sa.

Det går no føre seg ei enorm opprusting og våpenbruk på begge sider. Då Putin tala til dei russiske militærleiarane denne veka, hevda han at dei nye russiske interkontinentale missila Sarmat ICBM snart er klare til bruk. Likeins nye sjøbaserte hypersoniske missil, Zircon, som er «utan sidestykke i verda», som han sa.

Ukrainarane får òg stadig meir våpen. Då Zelenskyj var i USA denne veka, fekk han lovnad om ei ny stor pakke med våpen og militært utstyr, inkludert det amerikanske luftvernmissilsystemet Patriot.

Det er lett å seia, ein kjenner seg nesten naiv ved å påpeika det, men ikkje mindre viktig: I ein krigssituasjon må alle partar heile tida streva etter ei forhandlingsløysing. Men vi kan ikkje pressa ukrainarane, og dei vil ikkje la seg pressa, til å gje frå seg store landområde i byte for fred.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement