Krigføring som normaltilstand
Krigen i Afghanistan har sidan 2001 kosta USA snart 2 trillionar dollar, eller 17.000 milliardar kroner. Det er ein sum utanfor fatteevne.
No vil president Trump redusera talet på soldatar i Afghanistan frå 14.000 til 7.000.
Den amerikanske forfattaren Robert D. Kaplan var rådgjevar under George W. Bush, då støtta han Irak-krigen, men han har angra i ettertid. Denne veka argumenterer han i New York Times for at USA like godt bør trekkja seg militært heilt ut av landet.
Han meiner ein militær siger mot Taliban er urealistisk å få til, for klanar, krigsherrar og mafialikande nettverk som kontrollerer narkotikahandelen, har trass i USAs enorme pengebruk og militære slagkraft teke kontroll over store delar av landet.
Spørsmålet er i høgste grad interessant for Noreg òg. Vi har vore i krigen like lenge som USA og har i dag stabsoffiserar og soldatar frå spesialstyrkane stasjonerte i landet. 11,5 milliardar kroner hadde vi brukt på sjølve krigen fram til 2016. Pengar er éin ting, like viktig er å drøfta kva den militære innsatsen vår er godt for, målt opp mot alle lidingane og tapa av liv som krigen fører med seg.
Krigen i Afghanistan er tapt for lenge sidan. Likevel held den norske krigsinnsatsen fram knapt utan debatt. Det er som om krigen har vorte ein normaltilstand utanfor nordmenns ålmenne interesse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.