Russland har endra taktikk og bombar no systematisk elektrisitetsanlegg og tek straumen og vatnet frå innbyggjarar i Ukraina. Like før vinteren set inn, gjer altså Putin livet beinhardt for det same folket han vil berga. Straum- og vassmangelen vil føra til store vanskar i landet, ikkje minst for drifta av sjukehusa.
Målsetjinga med bombinga kan ikkje vera motivert av anna enn å svekkja motstandsviljen til det ukrainske folket. Svaret frå alle som rapporterer frå Ukraina, er derimot at så ikkje vil skje. Folket synest å ha stålsett seg for å halda ut same kva.
Vi trykkjer i dag eit utdrag frå eit føredrag som Putin heldt i Moskva førre veke. Det er viktig å skjøna korleis Putin og det russiske regimet tenkjer. Putin seier i føredraget at trass i kostnader og tap knytte til den «spesielle militæroperasjonen» vil han «til sjuande og sist vere lønsam for Russland og framtida til landet».
Med eit slikt utgangspunkt er det lite von om at denne krigen skal ta ein snarleg slutt. Etter månader med krig er det heller ingen som kan kome med eit fornuftig svar på kva som vert utkoma av krigen.
I mellomtida ventar vi på slaget om Kherson, som har vore okkupert av russarane sidan mars. Kherson er hovudstaden i eit fylke som Russland alt no under krigen har innlemma i den russiske føderasjonen. Misser russarane Kherson, vil det vera eit enormt nederlag som kan få store konsekvensar for korleis krigen endar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.