Krigen og norsk EU-debatt

Publisert

Landsmøtet i Høgre vedtok sist helg å ta initiativ til ein ny EU-debatt i Noreg. Rett nok var ikkje vedtaket meir heilhjarta enn at partleiaren Erna Solberg røysta imot. Ho meiner at «timingen» var feil, sidan eit stort fleirtal i folket er mot medlemskap.

Kvar generasjon bør vera med på å avgjera om Noreg skal vera medlem i EU eller ikkje. I praksis kan det berre skje gjennom ei folkerøysting. No er det snart 30 år sidan førre røysting. Såleis er vedtaket til Høgre fornuftig.

Men Erna Solberg har rett i at tidpunktet for å ta initiativ til dette ikkje er rett. Ei folkerøysting og ein lang valkamp tek merksemda vekk frå andre viktige saker, legg sterke føringar på politikken og avgrensar evna til å laga gode samarbeidsregjeringar.

Difor bør ei EU-røysting setjast i gang om ja-sida går vesentleg fram på meiningsmålingane. Kanskje krigen i Ukraina vil føra til eit skifte? Det veit vi truleg meir om til hausten.

Noregs tilhøve til EU og Europa skal vi diskutera til kvar tid. Ikkje minst no når det er krig i Europa. Det er altfor lite kunnskap og debatt i Noreg om Europa-spørsmål. Vi kan meir om amerikansk enn om europeisk politikk. Det burde sjølvsagt ha vore omvendt.

Krigen i Ukraina vil leggja sterke føringar for norsk og europeisk politikk i årevis framover. Det har skjedd og vil skje store endringar på kort tid. Ikkje minst militær opprusting i Europa og eit vedvarande arbeid for gjera seg mindre avhengig av russisk gass. Det er viktig at Noreg medverkar aktivt i desse spørsmåla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement