Krig og lærdom
Tysdag denne veka forlét den siste amerikanske soldaten Afghanistan etter 20 år i landet. Taliban feira det heile med maskingeværsalvar, akkompagnert av frasar om fred og velstand – i påvente av eit komande autoritært islamsk styre.
Måten tilbaketrekkinga skjedde på, var ei tragisk vidareføring av den mislukka amerikanske krigen (med norsk støtte) i Afghanistan dei siste 20 åra. Tilbake sit Taliban med enorme mengder amerikansk militært utstyr – helikopter, militære køyretøy, våpen og ammunisjon.
Det er knapt til å skjøna at ikkje meir av dette utstyret vart øydelagt før amerikanarane drog frå landet. Men vi får nok meir kjennskap til kva som skjedde under tilbaketrekkinga, når dei amerikanske høyringane i Kongressen kjem i gang. For denne saka kjem til å fylgja president Biden så lenge han sit i embetet.
Ein skulle no tru at lærdomen frå Afghanistan vil hindra at USA, Europa og Noreg gjev seg inn på tilsvarande militære eventyr i framtida. Men kan ein stola på det? Knapt. Vi bomba i Libya i 2011, sjølv om lærdomane frå Irak og Afghanistan alt då tydeleg synte kor risikabelt og uansvarleg det er å gå til krig langt borte for å skapa «fred og demokrati». Og vi sender utruleg nok i desse tider – om enn ein liten kontingent – soldatar til Mali.
Difor treng vi no ein grundig gjennomgang og diskusjon om dei norske militære engasjementa i utlandet dei siste 20 åra. Korleis har vedtaksprosessane vore? Har vi hatt klare og realistiske målsetjingar om kva vi ville oppnå? Kva læringsprosess har det vore i tida mellom dei ulike engasjementa?
Spørsmåla er mange og viktige for norsk utanrikspolitikk i åra som kjem. Ikkje minst må Forskingsrådet sjå det som ei viktig oppgåve å forska på desse spørsmåla.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.
Foto: Thomas Fure / NTB
– Populisme er ikkje noko å vere redd for
Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.
Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.
Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB
Uviss lagnad for Syria
Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.
Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.
Foto: Arthaus
Leiken kjærleik
Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.
Ein atomsopp lyser opp nattehimmelen under prøvesprenginga Badger i USA i 1953.
Foto via Wikimedia Commons
Eg er dauden
Samtidig som faren for ein tredje verdskrig er større enn på eit halvt hundreår, ser vi på russiske trugsmål om bruk av atomvåpen som tomme.
Foto: Edvard Thorup
Makta og den uavhengige forskinga
«Eg er fullt klar over at mange gjorde ein stor innsats i Sør-Sudan, og med gode intensjonar.»