KrFs lagnadsval
Kristeleg Folkeparti skal no gjera sitt viktigaste val i partiets historie. Det valet bør dei få gjera i fred utan innblanding frå andre parti. Det bør òg høgrefolk merka seg.
KrF burde ha kome med eit klart standpunkt for lenge sidan – helst i 2013, då valet stod om Frp skulle få regjeringsmakt eller ikkje. Iallfall burde dei hatt eit meir tydeleg og realistisk standpunkt før valet i 2017. Vedtaket om at dei kunne støtta Erna Solberg som statsminister, men ikkje sitja i regjering med Frp, har vore feilslått.
Utfordringa for KrF er no å halda på både dei konservative og dei liberale i partiet, både statskyrkje- og frikyrkemedlemer, Frp-kritiske og Frp-venlege. Det siste har vore det store konflikttemaet i partiet i lang tid. KrF-miljøet i Bergen for ti år sidan kan stå som døme. For gamleordføraren i byen, Arne Næss, var det uforståeleg at nokon i KrF kunne samarbeida med Frp. Men ungdomen som kom inn i partiet, frå miljøet rundt avisa Norge i Dag, var glade for at Bondevik/Haugland-perioden var over, og godtok ikkje åtvaringa mot Frp.
Korleis den liberalistiske og meir aktivt Israel-venlege delen av KrF, som òg har ein ibuande skepsis til Ap, skal kunna blidgjerast om landsmøtet skulle seia ja til samarbeid mot venstre, er vanskeleg å skjøna. Likeins, skulle den andre fronten tapa, sosialistane, som Carl I. Hagen kallar dei, får ein same problemet.
Dag og Tid har på leiarplass alltid vore sterkt kritisk til at Frp skal sitja i regjering. Men spørsmålet her er kva som er best og mest naturleg for KrF å gjera. Vi meinte seinast i fjor at alle parti bør søkja regjeringsmakt. KrF måtte såleis gjere eit val, godta at dei var eit konservativt parti, og gå inn i Solberg-regjeringa.
Men etter det overraskande utspelet til Hareide, der eit regjeringssamarbeid med Sp og Ap syner seg som eit reelt alternativ, er ikkje svaret på kva som tener partiet best, like eintydig.
Det er djupt motstridande syn som no kjem opp på lagnadstungt vis i KrF. Parallellen til Venstres landsmøte på Røros i 1972 er openberr. Då vart partiet splitta, og jamvel etter samlinga er det framleis ein skugge av seg sjølv. Kan henda er motsetningane i KrF no like djupe og farlege som EEC/EF var for Venstre då.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.