Leiar

KrF og Israel

Partileiar Dag Inge Ulstein i Kristeleg Folkeparti har ikkje fordømt Israeles krigføring.
Publisert

Israel planlegg å byggja 3400 nye bustadar på okkupert palestinsk område. Skjer det, vert Vestbreidda i praksis delt i to og ei tostatsløysing umogeleg. Eller som den israelske finansministeren Bezalel Smotrich uttrykkjer det, utbygginga «sikrar at Europas hyklarske leiarar ikkje har noko å godkjenna i september».

Samstundes starta den israelske hæren onsdag denne veka den planlagde offensiven for å okkupera Gaza by og tvangsflytta innbyggjarane til eit område lenger sør. 60.000 reservesoldatar er på kort varsel kalla inn til teneste. Den nye offensiven vil sjølvsagt føra til nye store lidingar for dei sivile i Gaza.

Israels krigføring vert massivt fordømd av norske politikarar. Men det finst unntak, som i KrF. Partileiar Dag Inge Ulstein har ikkje fordømt Israeles krigføring. På nettsida til KrF står det så fint at partiet ynskjer å støtta FNs arbeid for fred og at dei ser på FN som viktig i arbeidet for «håndhevelse av folkeretten». Dette vert tomme ord i møte med det dei står for i praksis.

Ulstein legg skulda for krigen på Hamas. Hamas burde sjølvsagt ha gjort alt for å stogga krigen. Men Hamas tek ikkje omsyn til sivilbefolkinga. Det gjev likevel ikkje Israel rett til å halda fram som dei gjer. Dei skulle heller aldri ha gått inn i Gaza som dei har gjort. Katastrofen som fylgde, var føreseieleg.

KrF har alltid vore i konflikt med seg sjølv, mellom dei verdibaserte kristne til venstre og dei tradisjonelle kristne på høgresida. No har høgresida full kontroll, med tilslutnad frå dei som tilsynelatande støttar Israels politikk same kva.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement