Krangel om småtiltak

Publisert Sist oppdatert

I klimasaka er det eit sterkt misforhold mellom dei alarmerande meldingane om konsekvensane av CO2-utsleppa – og dei konkrete tiltaka som vert gjennomførde for å motverka konsekvensane.

I programma er dei politiske partia sterkt uroa: «Global oppvarming er den største trusselen menneskja står overfor», frå Venstres partiprogram. «Vi må redusere utsleppa av klimagassar vesentleg for å unngå dramatiske globale klimaendringar», frå KrFs partiprogram. «Klimaendringane er truleg verdssamfunnets største utfordring dei neste tiåra», frå Høgres partiprogram. «Dersom vi ikkje lykkast med å redusere utsleppa i dag, vil vi i framtida stå overfor dramatiske og uoversiktlege konsekvensar», frå Arbeidarpartiets partiprogram.

Med denne sterke uroa, og klart fleirtal i Stortinget for ein aktiv og ambisiøs klimapolitikk, har regjeringa og støttepartia Venstre og KrF sete i dagevis og forhandla om nokre småpengar i klimasamanheng: Om avgifta på diesel skal aukast nokre øre eller ikkje. Om storleiken på eingongsavgifta på bil. Og om ein liten reduksjon i vegbruksavgifta. Alt dette har i praksis null effekt på klimarekneskapen i verda.

Det er rein symbolpolitikk. Om ein meiner at klimaendringane er «verdssamfunnets største utfordring dei neste tiåra», driv ein ikkje på slik. Då går dei saman dei partia som verkeleg vil noko, og lagar eit budsjett der klimasaka gjennomsyrer heile budsjettet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement