Kommunane må få avgjera

Ekspertutvalet for kommunereforma overleverte sist veke den fyrste delrapporten til kommunal–?og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Hovudtema: samanslåing og etablering av større kommunar.

Publisert Sist oppdatert

I rapporten skriv utvalet at «de minste kommunene må styrkes for å oppnå tilstrekkelig kvalitet i oppgaveløsningen». Slik kamuflerer ein realiteten i rapporten: at dei minste kommunane må slåast saman med dei større rundt seg – og at dei minste kommunane raskt vil oppleva endå sterkare fråflytting og utarming enn i dag.

Men i denne debatten er det viktig at ein talar ope og tydeleg. Ikkje pakkar inn bodskapen i all slag ulne formuleringar. Ein bør seia det som det er: «Vi er for samanslåing, fordi det er for dyrt og ineffektivt å driva alle småkommunane. Og vi er for samanslåing, sjølv om det vil føra til fråflytting. Det er prisen ein må betala. Den gamle distriktspolitikken fungerer ikkje lenger.»

Og det er gode grunnar til samanslåing – for det er dyrt å halda seg med eigen kommuneadministrasjon i ein liten kommune. Dei statlege rammetilskota til dei fleste småkommunane er mykje større per innbyggjar enn til storkommunane. Og når halvparten av norske kommunar har under 5000 innbyggjarar, og 168 har under 3200 innbyggjarar, er det sjanse for store innsparingar.

Men høge kostnader er prisen for å halda seg med eit Noreg med spreidd busetnad. Og ei stor samanslåing av norske kommunar vil drastisk endra landet same kva positive døme rapporten kan visa til av kommunesamanslåingar.

Difor må samanslåingar av kommunar vera friviljuge. Kommunane er sjølve best i stand til å vurdera om dei skal slåast saman eller ikkje. Vil dei ta prisen med å vera eigen kommune, må dei betala for det og spara på andre område.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement