Kjem Russland til å invadera Ukraina? Det er vanskeleg å sjå for seg at det skal skje, for omkostningane vil vera altfor store for alle partar.
Ein får tru at alt det som skjer no frå russisk side, berre er for å skremma Nato, slik at Ukraina ikkje vert invitert inn i Nato-alliansen. Sjølv om det ikkje er aktuelt for Nato i dag, har Russland legitim grunn til å frykta det i framtida.
Det er berre å sjå på dagens Nato-kart, der dei gamle kommunistlanda Estland, Latvia, Litauen, Polen, Slovakia, Romania og Bulgaria ligg som nye Nato-medlemer etter oppløysinga av Sovjet. Inga stormakt likar å verta innringa – aller minst Russland, med dei historiske erfaringane deira. USA aksepterte heller aldri at Sovjetunionen fekk fotfeste i USAs nærområde.
Russland kan sjølvsagt ikkje diktera kva slags tryggingspolitikk Ukraina, eller kva som helst anna land, skal ha. Likevel må Nato no handla klokt og prøva å dempa konflikten mellom Russland og Ukraina – særleg så lenge Putin sit ved makta.
Ein måte å koma ut av konflikten på er at Ukraina, EU og Nato godtek at Krimhalvøya er tapt for Ukraina. Det er ho likevel realpolitisk. Russland vil aldri trekkja seg ut av Krim.
Så sjølv om det Russland har gjort på Krim, er uakseptabelt folkerettsleg og på alle måtar, bør ein leggja saka bak seg. Motkravet må vera at Russland sluttar å støtta krigen i Donbass.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.