Har 2017 vore eit godt år for kampen mot global oppvarming? Kanskje det mest gledelege i år er at Kina har varsla at dei vil innføra CO2-kvotar for energimarknaden. Trass at ordninga opphavleg skulle omfatta fleire delar av den kinesiske økonomien, kan dette gje positive utslag. Kraftproduksjonen står for ein stor del av CO2-utsleppa i Kina, som igjen utgjer 12 prosent av verdas totale utslepp av denne klimagassen.
Dessutan held sol–?og vindkrafta i verda fram med å styrkja konkurranseevna si andsynes olje, gass og kolkraft. Batterikapasiteten vert betre og betre, og prisane for lagring av straum fell stadig. Det er òg gledeleg at Kina er det landet som investerer mest i sol–?og vindenergi.
Ein annan positiv ting som skjer, er at mange investeringsmiljø sel seg ut av fossilindustrien og kjøper seg opp i fornybar energi. Storebrand og DNB er døme på dette. Det norske oljefondet skal òg trekkja ut investeringane sine i fossil energi, sjølv om motivet er å spreie risiko og ikkje klimaomsyn. Signaleffekten skal ein likevel ikkje undervurdera.
Men dette blir likevel for smått. Den negative trenden er enno ikkje snudd. Det mest nedslåande er USA og Trumps avvising av Paris-avtalen og den manglande viljen til å inngå internasjonale forpliktande klimaavtalar.
Etter tre år med utflating i dei samla globale klimautsleppa har vi i 2017 hatt ny vekst. Viktige grunnar er auka utslepp frå kinesiske kolkraftverk og auka utslepp frå kol–?og oljebruken i USA. Og sjølv om veksten av utsleppa i India har vore mindre enn tidlegare, vil den auka industrialiseringa og elektrifiseringa av landsbygda føra til enno større indiske utslepp i åra som kjem.
Vi står altså andsynes store utfordringar om vi skal hindra at den global oppvarminga skal overstiga to gradar. 2017 vart nok eit dårleg klimaår for verda, og vi har framleis kome for kort med den snuoperasjonen som trengst.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.