Ei rekkje aviser, som Le Monde, The Wall Street Journal, Financial Times, Süddeutsche Zeitung og norske Aftenposten, skreiv denne veka om store interneringsleirar med menneske frå den etniske gruppa uigurane, som i hovudsak er muslimar.
Utgangspunktet for artiklane om leirane er eit dokument frå 2019 som truleg er skrive av lokale styresmakter i ein by i Xinjiang-regionen. I fleire år har påstandane om kinesiske interneringsleirar vore truverdige. Men dette dokumentet skal vera det beste provet til no på at kinesiske styresmakter internerer og straffar uigurar som praktiserer si eiga religiøse tur.
Ifylgje Aftenposten kjem dei med dei mest absurde grunnar til at såkalla «upålitelege personar» blant uigurane har vorte internerte: Dei har hatt tankar som er vanskelege å tolka, dei er mildt forderva av religion, eller dei har snakka med ein person i utlandet.
Kinesiske styresmakter nektar sjølvsagt for det heile. Når skuldingar om interneringsleirane har kome opp dei siste åra, har kinesarane forklart at det er tale om yrkestrening, og at uigurane er i «sentera», som dei kallar leirane, friviljug.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.