JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Kinesiske leirar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1537
20200221
1537
20200221

Ei rekkje aviser, som Le Monde, The Wall Street Journal, Financial Times, Süddeutsche Zeitung og norske Aftenposten, skreiv denne veka om store interneringsleirar med menneske frå den etniske gruppa uigurane, som i hovudsak er muslimar.

Utgangspunktet for artiklane om leirane er eit dokument frå 2019 som truleg er skrive av lokale styresmakter i ein by i Xinjiang-regionen. I fleire år har påstandane om kinesiske interneringsleirar vore truverdige. Men dette dokumentet skal vera det beste provet til no på at kinesiske styresmakter internerer og straffar uigurar som praktiserer si eiga religiøse tur.

Ifylgje Aftenposten kjem dei med dei mest absurde grunnar til at såkalla «upålitelege personar» blant uigurane har vorte internerte: Dei har hatt tankar som er vanskelege å tolka, dei er mildt forderva av religion, eller dei har snakka med ein person i utlandet.

Kinesiske styresmakter nektar sjølvsagt for det heile. Når skuldingar om interneringsleirane har kome opp dei siste åra, har kinesarane forklart at det er tale om yrkestrening, og at uigurane er i «sentera», som dei kallar leirane, friviljug.

Det er all grunn til å lita på påstandane om interneringsleirane. På nytt fortel det oss at omverda må ta menneskerettssituasjonen i Kina på alvor. Og etter at Noreg og Solberg-regjeringa inngjekk ein «fredsavtale» med kinesarane i 2016, har vi plikt til å syna at vi framleis er ein sjølvstendig nasjon som kan stå opp for undertrykte – sjølv om det skulle forsura tilhøvet til Kina.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis