JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Kim og Trump

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1825
20180615
1825
20180615

Kva som kjem ut av møtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump, er enno høgst uklart. Men med dei alarmerande overskriftene det siste året i minne kan ein vanskeleg vera anna enn positiv til det som har hendt.

Det er ikkje meir enn eitt år sidan tidlegare direktør ved fredsforskingsinstituttet PRIO, Stein Tønnesson, sa til VG at det var stor risiko for krig mellom USA og Nord-Korea, og han frykta «kolossale tap av menneskeliv». Aftenposten siterte i september ein tidlegare amerikansk general på at «sannsynligheten for at det blir krig mellom USA og Nord-Korea er 50 prosent».

Mange trudde ikkje heilt på den store krigsfaren, men vi er iallfall ikkje der no. Dette stemningsskiftet i seg sjølv er smått utruleg.

Så er det lett å finna kritiske innvendingar når ein har forhandlingar mellom eit totalitært regime som Nord-Korea og ein impulsiv, sjølvhevdande person som president Trump med den merkelege trua på eigen touch og feel. Dessutan er det ikkje inngått konkrete avtalar om atomnedrusting. Og er det i det heile truverdig at eit land gjev frå seg atomvåpena? Knapt.

Men møtet mellom dei to har likevel ført til eit gjennombrot som kan opna for nye forhandlingar og nye resultat. Ikkje minst kan ein ha von om få slutt på den formelle krigstilstanden mellom Sør- og Nord-Korea. Det i seg sjølv vil vera eit stort resultat. Og den nye situasjonen kan gjera at Nord-Korea opnar seg meir opp mot omverda, noko som igjen i seg sjølv vil vera fredsskapande.

Nobelprisen til Trump og Kim? Det høyrest surrealistisk ut, og det er vanskeleg å godta. Men her må ein sjå forbi personane. Om den prosessen som er sett i gang fører til konkrete, positive fredsresultat om eit år eller to, er dei opplagde kandidatar. Noko som diverre vil passa Trump altfor godt inn mot presidentvalet i 2020.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis