Kva som kjem ut av møtet mellom Kim Jong-un og Donald Trump, er enno høgst uklart. Men med dei alarmerande overskriftene det siste året i minne kan ein vanskeleg vera anna enn positiv til det som har hendt.
Det er ikkje meir enn eitt år sidan tidlegare direktør ved fredsforskingsinstituttet PRIO, Stein Tønnesson, sa til VG at det var stor risiko for krig mellom USA og Nord-Korea, og han frykta «kolossale tap av menneskeliv». Aftenposten siterte i september ein tidlegare amerikansk general på at «sannsynligheten for at det blir krig mellom USA og Nord-Korea er 50 prosent».
Mange trudde ikkje heilt på den store krigsfaren, men vi er iallfall ikkje der no. Dette stemningsskiftet i seg sjølv er smått utruleg.
Så er det lett å finna kritiske innvendingar når ein har forhandlingar mellom eit totalitært regime som Nord-Korea og ein impulsiv, sjølvhevdande person som president Trump med den merkelege trua på eigen touch og feel. Dessutan er det ikkje inngått konkrete avtalar om atomnedrusting. Og er det i det heile truverdig at eit land gjev frå seg atomvåpena? Knapt.
Men møtet mellom dei to har likevel ført til eit gjennombrot som kan opna for nye forhandlingar og nye resultat. Ikkje minst kan ein ha von om få slutt på den formelle krigstilstanden mellom Sør–?og Nord-Korea. Det i seg sjølv vil vera eit stort resultat. Og den nye situasjonen kan gjera at Nord-Korea opnar seg meir opp mot omverda, noko som igjen i seg sjølv vil vera fredsskapande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.