JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Kampen om merksemda

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1906
20231222
1906
20231222

Året 2023 vert hugsa for massakren til Hamas, den israelske invasjonen og bombinga av Gaza – og Russlands framhald av krigen i Ukraina. To konfliktar med store menneskelege lidingar. To konfliktar som vil halda fram i mange år, og som vi sjølvsagt skal halda fram med å skriva om.

Men Erling Folkvords reportasje frå ein flyktningleir i Nord-Syria, nær grensa til Tyrkia, minner oss på nytt om at verda er full av konfliktar og flyktningleirar. Har du høyrt om Wa Shaw Kani-leiren? Ikkje vi heller. Men i den leiren i Nord-Syria bur det like mange som på Hamar.

Du finn tilsvarande leirar i Sudan, Burkina Faso, Kongo, Venezuela, El Salvador med mange fleire. Flyktningrådet har lista opp dei største i verda. Mellom dei er Kakuma-leiren i Kenya med 184.000 flyktningar frå Sør-Sudan og Somalia, Zaatari-leiren i Jordan med 78.000 flyktningar frå Syria, Katumba-leiren i Tanzania med 66.000 flyktningar frå Burundi, Panian-leiren i Pakistan med 62.000 flyktningar frå Afghanistan.

Desse leirane og konfliktane får lite merksemd. Det har konsekvensar. Det fører til færre internasjonale initiativ for å få til ei løysing på desse konfliktane. Og det fører til mindre pengar som kan betra situasjonen for dei som bur i leirane. Flyktningrådet hevdar at for kvar krone gjevarlanda gav i naudhjelp i Ukraina, vart det gjeve 25 øre til verdas ti mest neglisjerte kriseområde.

Dette er ikkje noko nytt. Og realistisk sett er det vanskeleg å få gjort noko med. Vi les mindre om konfliktar og elende som varer år etter år, og som vi ikkje har eit nært tilhøve til. Krigen i Ukraina råkar oss meir enn situasjonen i Burkina Faso. Kampen om merksemda er brutal. Likevel har media, inklusive Dag og Tid, plikt til å gje meir merksemd til dei mange konfliktane og flyktningleirane i verda.

Svein Gjerdåker

Dag og Tid ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år i vente.
Neste avis kjem 5. januar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis