Julian Assange

Publisert

Amerikanske styresmakter har i lang til kravd at Storbritannia utleverer Julian Assange til USA. Den britiske domsmakta har etter prøving i fleire rettsinstansar godteke kravet. Men utsendinga er stansa, sidan det er hevda at Assange kan ta sitt eige liv dersom han vert send til USA. USA meiner det ikkje er grunnlag for dette, noko den britiske retten òg har sagt seg samd i.

Det er no opp til den britiske innanriksministeren å ta ei avgjerd. Svaret hennar er forseinka, men kan ventast når som helst.

Saka har sjølvsagt stor internasjonal interesse. Sidan Assange gjennom Wikileaks har publisert fleire hundre tusen hemmelegstempla dokument som mellom anna avslører alvorlege amerikanske krigsovergrep i Irak og Afghanistan.

I Noreg har ei rekkje organisasjonar, som Norske Pen, Den norske Unesco-komiteen og ein eigen Assange-komité, engasjert seg for Assange. Dei meiner den norske regjeringa skal ta saka opp med Storbritannia og USA og krevja at tiltalen mot Assange vert lagd bort og Assange sett fri.

Saka handlar ikkje berre om juss, men er i høgste grad eit politisk spørsmål. Det er sjølvsagt ikkje uproblematisk for den norske regjeringa å setja seg opp mot USAs ynske om å få utlevert ein person som amerikanske styresmakter meiner både har rekruttert hackarar og oppmoda dei om å skaffe hemmelege dokument.

Men slikt mot bør regjeringa ha – og det vil tilhøvet vårt til USA og Storbritannia fint tola. For denne saka gjeld meir enn berre lagnaden til Assange. Ho gjeld sjølve vernet om pressefridomen – for vi må sjå på Assange som ein publisist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement