Journalistikk under press

Publisert Sist oppdatert

NOU-rapporten «Det norske mediemangfoldet» som vart lagt fram denne veka, gjev ein god analyse av den dramatiske situasjonen for norsk journalistikk.

Rapporten syner at vi alt ser resultat av svekkinga av media: «Flere tematiske blindsoner oppstår, og det blir lenger mellom den ressurskrevende journalistikken som gransker økonomi og politikk, offentlig og privat sektor, grundig og kritisk».

Rapporten får tydeleg fram at det trengst omfattande offentleg innsats for å sikra at den samfunnsviktige journalistikken vert halden oppe og styrkja.

Men ikkje alle dei konkrete tiltaka som rapporten kjem med, er like gode. Framlegget om å kutta arbeidsgjevaravgifta for mediebransjen i fire år, er lite realistisk å få gjennomført så fort som utvalet vil. Og framlegget om ei ny tilskotsordning for å stimulera samfunnsviktig journalistikk, er uheldig. Det må vera opp til redaksjonane sjølve å vurdera korleis den knappe pressestøtta best kan nyttast.

Dessutan er det er det leitt at rapporten ikkje drøftar rolla som media og mediepolitikken spelar for norsk språk. Bruken av nynorsk i media er heilt avgjerande for framtida til det nynorske språket.

Den klare og alvorlege konklusjonen utvalet kjem med, gjer det no umogeleg for regjeringa å koma med nye framlegg til kutt i pressestøtta. Skulle det skje, har ordninga med NOU-rapportar nærast utspelt si rolle.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement