VG-rapporten om Giskes dansevideo burde aldri vore offentleggjord. Korleis kan VG hevda at dei ønskjer å sikra det beste for kvinna, når dei samstundes offentleggjer utsegner som ho i dag ikkje vil stå inne for eller meiner ho ikkje har kome med, og som er ukjende for ålmenta og langt skarpare enn ho vart sitert på i den opphavlege saka?
Å offentleggjera rapporten kan verka demokratisk og tillitvekkjande, men her får vi informasjon som omverda ikkje har krav på, og som skader truverdet til den kvinnelege kjelda, sjølv om ho har fått kome med sine kommentarar i rapporten.
Rapporten konkluderer med at det er uklart om journalisten har fabrikkert sitatet det har stått strid om. Det kjem an på kven vi trur på – han eller kvinna. Her er vi like kloke etter å ha lese VG-rapporten.
I alle høve har journalisten openbert vore for aktiv og ikkje late kvinna i ro og fred få avgjera kva ho skulle siterast på og ikkje. Det er ein alvorleg journalistisk feil.
Men hovudansvaret for at saka kom på trykk slik ho gjorde, har Gard Steiro som sjefredaktør. Eit viktig punkt i rapporten er eit sitat frå han: «Jobbe hardt og raskt.» Når dei skjøna at videoen var ute på sosiale medium, måtte dei skru opp tempoet med å gjera ferdig saka.
Ingen stader i evalueringa i rapporten vert dette sjølvpålagde tidspresset problematisert. I ein slik situasjon veit vi at det kan skje feil, og at dei naudsynte rundane med dobbeltsjekking og oppfylgjande spørsmål ikkje vert gjorde godt nok.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.