Jihadistar og brigadistar

Publisert Sist oppdatert

Mange unge europearar deltek i desse dagar i ein såkalla islamsk heilag krig i Syria. Av desse er mange nordmenn òg. Sist veke vart det kjent at ein nordmann som skal ha kriga i Syria, er sikta for terrorisme. Mannen, som er skadd, vart arrestert på Gardermoen på veg tilbake frå Syria. Tidlegare denne månaden vart det kjent at ein engelskmann stod bak ein sjølvmordsaksjon mot eit fengsel i Aleppo for å frigje fengsla islamistar.

Situasjonen reiser mange interessante spørsmål: Jihadistane kjempar jo òg mot det syriske regimet. Bør dei ikkje då tolererast? Kan dei ikkje samanliknast med dei over 200 nordmennene, og dei mange internasjonale brigadistane, som reiste til Spania og slost mot Franco på 1930-talet?

Kvifor fordømma jihadistane når vi har romantisert dei norske og internasjonale brigadistane? Ville ikkje den tidlegare spaniabrigadisten, forfattaren George Orwell – eller Simone Weil – ha støtta dei norske og britiske jihadistane i Syria?

Aldri. Vi snakkar ikkje her om støtte til den syriske nasjonalkoalisjonen, men altså dei islamistiske opprørsgruppene med bakgrunn frå krigane i Irak og Afghanistan. Al-Nusra Front og dei andre jihadistgruppene i Syria ville berre møtt forakt av Orwell. Orwell var antitotalitær i heile si tenking.

Rett nok stod Komintern, styrt av Sovjets diktator Josef Stalin, bak mange av dei internasjonale brigadane. Og rett nok gjorde òg dei på republikanske side seg skuldige i terror og massakrar. Til dømes vart brigadistar som ville reisa heim plasserte i konsentrasjonsliknande leiarar av stalinistane – og mange vart avretta.

Men motiva til dei internasjonale brigadistane var kampen mot fascismen og for demokratiet. Målet til nordmennene som reiste ned, var å gjera «Spania til fascismens grav i Europa». Det er det motsette av det jihadistane står for – som kjempar for ein islamfascistisk ideologi. Og jihadistane står i strid med den syriske nasjonalkoalisjonen ikkje berre ideologisk, men òg med sine groteske krigsmetodar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement