Det er lett å forstå ønsket frå Nord-Noreg om å få bli med i eit norsk jernbanenett. I det minste var det lett, så lenge Norges Statsbaner trafikkerte skjenene. Då var toget eit nasjonalt prosjekt. Så lenge berre landet sør for Bodø var med, var dette prosjektet å forstå som halvferdig.
I mellomtida har det, som me veit, hendt noko med NSB. Statsbanen er demontert, banen og toga har skilt lag og ulike strekningar er lodda ut til private og utanlandske aktørar som vil prøva lukka. Restane som er att av NSB, kallar seg no Vy, for nett å signalisera at dei ikkje skal driva ein statsbane.
Jernbanen har blitt ein kommersiell arena. Slik vil dei folkevalde ha det, og med det også folket, må me tru. Statsbanane lønte seg ikkje. Om dei nye kostane greier seg betre, står att å sjå.
På dei neste sidene i avisa får me rett nok nokre hint om dette frå reknemeisteren her i redaksjonen. Jernbanen generelt er ikkje konkurransedyktig, korkje til persontransport eller til gods, samanlikna med veg, skip og lufttrafikk. Spesielt ikkje ein Nord-Noreg-bane.
Ikkje blir han særs miljøvenleg heller, forstår me, og tala er talande og truverdige. Er det framtidige inntekter og utgifter som skal avgjera, blir ikkje Jernbanestasjonen i Tromsø anna enn den puben han er i dag, sidan trafikken på skjener til og frå må subsidierast i all framtid, dersom folk skal få råd til å bruka han.
Kan det i dag tenkjast andre grunnar til å kosta på seg eit banenett som omfattar heile nasjonen, kosta kva det kosta vil? Det måtte då vera for å samla heile landet, kring tanken, om ikkje anna, på at Noreg endeleg, som det rikaste landet i verda, har råd til ein skikkeleg norsk statsbane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.