Ja til vigsel av homofile

Den norsk kyrkja vil ikkje via homofile og lesbiske. Det er leitt. Ekteskapet må i dag kunna sjåast på som ein forpliktande avtale mellom to likeverdige partar som vil dela livet saman. Kjønn og evna til reproduksjon må vera underordna.

Publisert Sist oppdatert

Vi skal ha respekt for at religionar strevar etter å leva i pakt med skrifta. Meiner ein at Bibelen krev at ekteskapet berre er ein institusjon for ei kvinne og ein mann, må ein stå for det. Som sjølvstendig trussamfunn kan ein ikkje endra synspunkt etter stadig skiftande folkemeiningar.

Men Den norske kyrkja er i ein annan situasjon enn den katolske kyrkja i Noreg eller ein norsk muslimsk kyrkjelyd. Sjølv om statskyrkja er avvikla, og det indre sjølvstyret er styrkt, bør kyrkja freista å vera på lag med den ålmenne oppfatninga elles i samfunnet – som at kvinner må få vera prestar, skilde må få kunna gifta seg att – og at homofile bør kunna få gifta seg i kyrkja.

Problemet er sjølvsagt at ei slik tilnærming kan grava grunnen under kyrkja som noko anna enn eit reint påheng til staten. Men å makta den balansegangen er kostnaden ved ordninga slik ho er no. Alternativet er ei fri kyrkje utan noko band til staten i det heile.

Til forsvar for kyrkja må det seiast at dei har gjort eit ansvarleg arbeid i forkant av vedtaket denne veka: Dei laga utgreiingar, dei homofile var representerte, og dei arbeidde grundig teologisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement