Knytt til 100-årsjubileet for det fyrste samiske landsmøtet i 1917 har stortingsrepresentantane Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes kome med framlegg om ein sanningskommisjon om fornorskingspolitikken og den uretten som er gjort mot det samiske og kvenske folket i Noreg.
Det er ein god idé. Det er viktig at historia til samane og kvenane vert mest mogeleg opplyst. Og det er viktig at det er nettopp er Stortinget som tek initiativ til denne oppgåva. Det gjev større tyngd til arbeidet.
Dette er eit arbeid som krev solid innsats, god førebuing og dyktige folk. For dette er eit felt med sterke meiningar. Les ein gjennom debattar om norsk samepolitikk, er dei ofte kategoriske i den eine eller andre retninga. Men som i all anna historieforsking er det ulike syn på kva som skjedde og kvifor det skjedde. Nyansane vert ofte borte.
Fornorskingspolitikken andsynes samar og kvenar har hatt assimilering som mål. Og særleg frå 1880-talet skjedde det ei opptrapping av målsetjingane i harde ordlag. Korleis vart denne strenge lina praktisert? Vart det likt praktisert, eller var det hardhendt éin stad og meir liberalt ein annan?
Det er ikkje nok å berre sjå på lovene og vedtaka som vart gjorde. Ein må òg sjå på den praktiske gjennomføringa. Fylgde prestane pliktskuldig opp den harde fornorskingslina? Eller var dei meir liberale i praksis? Møtte fornorskingspolitikken motstand blant dei som skulle gjennomføra tiltaka? Kva tiltak var det som råka hardast? Kva var verknadane av politikken for den einskilde?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.