Korleis berga Loppa kommune frå avfolking? Spørsmålet sit att etter Dag og Tids to reportasjar frå kommunen ytst i Vest-Finnmark. Loppa kan stå som krondømet på utfordringane som mange av dei små bygdene langs kysten har.
Folketalet i Loppa er redusert med 60 prosent dei seinaste femti åra. Sju vart fødde i Loppa i 2012 – seksten døydde. I dag bur det rundt 1000 i kommunen. Prognosar syner under 900 om femten år.
Men slik går det når kystfolket misser kontroll over fisken. Fiskarmanntalet i Loppa syner to fiskarar i årsgruppa 20–39, 41 fiskarar totalt i heile kommunen. Det var i 2012. I 2004 var det 80 fiskarar i kommunen. Fiskeripolitikken dei seinaste tiåra har vore ein katastrofe for Loppa og Kyst-Noreg. Fiskeressursane er samla på stadig færre hender, og mange fiskerettar er flytta til trålreiarskap i Sør-Noreg.
Kystbygdene kan ikkje overleva utan at dei får hand om fisket og fiskeforedlinga. Men korleis snu dette no? Er det mogeleg å få til ein kraftig snunad i fiskeripolitikken?
Kvifor landa fisken i Loppa når store trålarar kan frysa ned fisken om bord og ta han rett til kontinentet for ein lågare kostnad enn å gå innom eit mottak i Loppa? Sjølv i Loppa et dei fisk filetert i Kina – slik hardingane et eple frå Australia.
Det er likevel ikkje slik vi vil ha det. At det bur tusen menneske i Loppa, gjev eit meir verdfullt Noreg enn tusen nye innbyggjarar i Alta eller Oslo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.