Leiar

Ja til aldersgrense

Oslo 20260327. IllustrasjonsbildeiPadbarn skjermspillskjermtidskjermbrukiPadnettbrettdigital barndomteknologiskjermavhengighetspiller spilldigitale innfødteskjermvaneronlinemediebrukdigital oppvekstappergamingscrollingskjermtid begrensningdigital hverdaginneinnendørssnapchatappaldersgrensesomesosiale medierFoto: Håkon Mosvold Larsen / NTBNB kun for redaksjonell bruk!!
Publisert

Endeleg, etter 15–20 år med eit gigantisk uansvarleg eksperiment, ser det ut til at land etter land no skjønar at det trengst reglar og aldersgrenser for born i sosiale medium. Slik bruken er i dag, er omkostningane for store. For mange born vert råka negativt av TikTok, Snapchat og mange av dei andre sosiale media.

Australia innførte forbod for born under 16 år i desember 2025. Danmark, Frankrike, Brasil, Tyskland, Hellas, Tyrkia og ei rekkje andre land ser ut til å fylgja opp med ulike tiltak. Framlegga varierer frå 14–16-årsgrense, krav om foreldresamtykke og krav om ulike pålagde funksjonar som avgrensar skjermtida brukaren har til rådvelde.

Og Noreg fylgjer opp. Sist veke kunngjorde regjeringa at dei i år vil koma med eit nytt lovframlegg for Stortinget. Regjeringa vil føreslå at aldersgrensa for bruk av sosiale medium skal gjelda frå 1. januar det året ein fyller 16.

Det gjer at alle borna vil vera 15 når dei får tilgang, og at alle på same skulesteget får tilgang samstundes. Det er klokt. Dessutan føreslår regjeringa at teknologiselskapa sjølve skal ha ansvaret for å sikra at brukarane er gamle nok ved innlogging.

Nettet er som vatn, det kjem inn overalt. Mange vil skaffa seg falske profilar, andre vil overtala foreldra til å gje dei tilgang i foreldra sitt namn, eller borna vil gå over til medium som ikkje er regulerte av forbodet. Og diverre vil det råka born som treng sosiale medium for å ha eit sosialt liv.

Men desse utfordringane må ein ta etter kvart. No trengst det kraftige tiltak for å ha nokon som helst sjanse til å få bukt med dei mange negative konsekvensane som bruken har medført.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel