Israels tragiske feilgrep
Tryggingsminister Itamar Ben-Gvir under eit møte på militærbasen Kirya i Tel Aviv i desember.
Foto: Abir Sultan / Pool / Reuters / NTB
Israels krig på Gaza har som venta vorte katastrofal for sivilbefolkninga på det vesle landområdet ut mot Middelhavet. Bykrigar gate for gate vert alltid brutale, men bombinga har vore så massiv at ho må ha overgått mange av dei verste spådommane som kom.
Enno kan krigen vara i fleire månader. Og sjølvsagt vert faren for utviding av krigen til andre delar av regionen større for kvar dag som går. I praksis er heller ikkje krigen over med fredsavtalen som til slutt må tvinga seg fram på eit eller anna tidspunkt. For denne krigen vil føra til ny terror og nye krigar.
Israelsk politikk har i mange år gått i heilt feil retning. Resultatet er at landet i dag sit med ei regjering med fleire ekstreme medlemer. To av dei er tryggingsminister Itamar Ben-Gvir og finansminister Batzalel Smotrich.
Siste utspelet deira kom i Knesset denne veka. Der tok dei til orde for «ein friviljug migrasjon av innbyggjarar frå Gazastripa til andre land» og ei gjenoppretting av israelske busetjingar på Gaza. Dei to ministrane burde sjølvsagt fått sparken med det same, men det kan ein ikkje forventa når statsministeren er Benjamin Netanyahu.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.