Leiar

Israels overgrep

FILE PHOTO: Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu attends a ceremony for Israel's Memorial Day, a remembrance of fallen soldiers (Yom HaZikaron), at the Yad LaBanim Memorial in Jerusalem, April 29. 2025. Abir Sultan/Pool via REUTERS/File Photo
Israels statsminister, Benjamin Netanyahu, deltek på ein seremoni i samband med minnedagen for falne israelske soldatar, Yom HaZikaron, i april i år.
Publisert Sist oppdatert

Israels statsminister Benjamin Netanyahu fortalde tysdag denne veka at Israel no skal gå inn i Gaza med «full styrke». Ifylgje Natanyahu skal dei fullføra operasjonen ved «å sigra over og øydeleggja Hamas». Han la til at ingenting kan stogga dette no, sjølv om Hamas frigjev fleire gislar.

At Hamas framleis held uskuldige israelarar fanga som gislar, er eit overgrep både mot gislane og mot familiane deira – og mot folket på Gaza som må leva med ein krig år etter år.

Men det fråtek ikkje Israel ansvaret for katastrofen som har gått føre seg på Gaza sidan 2023. Det har vore eit feilsteg heile vegen å tru at ein kan frigje gislane og kvitta seg med Hamas ved å bomba Gaza sund.

At Israel no skal i gang med ein ny offensiv, med nye og auka lidingar for folket på Gaza, kan såleis på ingen måte forsvarast. I tillegg held Israel fram med å hindra humanitær hjelp inn til Gaza.

Denne veka gjentok Netanyahu òg framlegget til president Donald Trump frå i vinter om å flytta folk på Gaza til andre land. Han kallar det friviljug migrasjon. Slik situasjonen er no, er sjølvsagt mange desperate etter å koma seg bort frå det krigsherja området. Israel gjer livet for innbyggjarane så livsfarleg at ein må reisa for i det heile å kunna berga livet.

Ei «friviljug» flytting av innbyggjarar på Gaza er sjølvsagt uakseptabel og folkerettsstridig. Dessutan er det urealistisk. Nabolanda er ikkje viljuge til å vera med på ei slik folkeflytting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement