Israels invasjon

Den komande israelske bakkeinvasjonen kan klara å øydeleggja den militære infrastrukturen til Hamas på Gaza. Men kostnaden for sivilbefolkninga vil verta enorm.

Palestinarar leitar etter skadde etter eit israelsk angrep i Khan Younis sør i Gaza.
Palestinarar leitar etter skadde etter eit israelsk angrep i Khan Younis sør i Gaza.
Publisert Sist oppdatert

Ingenting ville vore betre enn om ein fekk nedkjempa Hamas ein gong for alle. Hamas har eit mål om å øydeleggja staten Israel. I den kampen har dei teke i bruk bestialske metodar. Å ha ein terrororganisasjon rett ved grensa med avanserte våpen og soldatar som er viljuge til å døy for saka, er ikkje til å halda ut.

Den komande israelske bakkeinvasjonen kan klara å øydeleggja den militære infrastrukturen til Hamas på Gaza: lager, basar, det enorme tunellsystemet, drepa mange Hamas-soldatar og tvinga andre til å flykta til Syria, Iran og Qatar. Resultatet vert sjølvsagt eit sterkt svekt Hamas.

Men kostnaden for sivilbefolkninga vil verta enorm. Det vert hevda at 750.000 sivile har flykta sørover, men kanskje er det mellom 500.000–700.000 sivile att i Nord – i Gaza by og i området rundt. Resultatet av ein krig i Gaza vert uakseptabelt og kjem til å føra til store lidingar for sivilbefolkninga.

Og kva slag tilvære er det Israel vil etterlata seg etter krigen for dei over to millionar menneska som bur på denne korte stripa på 360 kvadratkilometer ved Middelhavet? Innestengde som dei har vore tiår etter tiår. Og utestengde frå verda. Gaza er i praksis eit fengsel og ei skam for verda.

Dessutan vil invasjonen skapa nye problem. Dei i Hamas som overlever, vil verta meir ekstreme, sympatien med Hamas på Vestbreidda vil verta styrkt, og den pale­stinske sjølvstyremakta vil verta endå meir svekt enn ho er i dag. Resultatet kan verta ein ny intifada med våpen og ein krigsliknande situasjon med ein ny israelsk okkupasjon av Vestbreidda som resultat.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement