Leiar

Israel–Iran-krigen

Smoke rises following what Iran says was an Israeli attack on Sharan Oil depot in Tehran, Iran, June 16, 2025. Majid Asgaripour/WANA (West Asia News Agency) via REUTERS ATTENTION EDITORS - THIS PICTURE WAS PROVIDED BY A THIRD PARTY
Røyk etter eit israelsk åtak på oljedepotet i Sharan i Tehran i juni.
Publisert

Israels bombing av Iran er uakseptabel. Det er eit klart brot på folkeretten, med ein høgst uklar utgang.

Ja, ein må hindra at Iran får atomvåpen. Eit land som støttar Hizbollah og Hamas, skal ikkje ha atomvåpen. Diverre trekte Trump USA ut av atomavtalen i 2018. Men sjansane for ei diplomatisk løysing var likevel ikkje uttømde. Forhandlingane skulle halda fram to dagar etter Israels åtak.

Sjansespel

Omfanget av den israelske bombinga er eit stort sjansespel. Israel går ikkje berre etter urananlegga, men òg viktig infrastruktur i landet, drep militære leiarar og atomforskarar.

Inntil vidare ser det ut til at krigen ikkje kjem til å inkludera andre land i regionen. Det iranske regimet har få vener att og står alt ei veke inn i krigen i ein svak militær situasjon utan luftvern.

Ein kan sjølvsagt vona på at krigen fører til at det ufyselege iranske regimet vert så svekt at eit folkeleg opprør når fram, og at det kjem eit raskt regimeskifte som sikrar stabilitet og ro i landet. 45 år med det islamistiske styret i Iran har vore ei ulukke for landet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement