Irans tragedie
Den no avlidne presidenten i Iran, Ebrahim Raisi, har mykje på samvitet.
Kista til Ebrahim Raisi blir boren gjennom ei folkemengde i Mashad i Iran, 23. mai.
Foto: Iran's Presidency / WANA / NTB
Det er merkeleg, for å seia det nøkternt, å sjå bileta av tusenvis av menneske flokka seg rundt båra og hylla ein død autokratisk, islamistisk president. Men det er ikkje noko nytt. Døde diktatoriske leiarar har stadig vorte hylla av massane opp gjennom historia.
Den no avlidne presidenten i Iran, Ebrahim Raisi, har mykje på samvitet. Dei siste åra har han sendt moralpolitiet ut i gatene for banka opp jenter og kvinner som ikkje vil gå med hijab. Noko meir ynkeleg enn å banka opp unge jenter fordi dei syner fram håret sitt, kan ein vanskeleg tenkja seg.
Men Raisi, som deltok som 18-åring i den islamske revolusjonen i 1979, har vore brutal så lenge han hatt makt i Iran. Han har vore ein del av eit regime som har drive med systematisk undertrykking og vald mot folket i over 40 år.
Nullpunktet til Raisi var i 1988, då han som statsadvokat i landet var medansvarleg for masseavrettinga av tusenvis av politiske motstandarar. Amnesty hevdar at så mange som 5000 vart avretta sommaren 1988. Etterkomarane etter dei drepne får no aldri oppleva at Raisi må stå til ansvar for massedrapa framfor ein internasjonal domstol.
Er det von om at den islamske republikken kan stå for fall? Det er umogeleg å spå, men regimet er seigliva. Ikkje uventa vart hijab-oppstanden i 2022 slått brutalt ned. Likeins oppstanden i 2019, 2014 og 2009. Er ein viljug til å bruka nok vald mot sitt eige folk, kan ein halda på makta lenge.
Og Raisi lèt seg nok erstatta. Sjansen for ei positiv utvikling for Iran er større når den åndelege leiaren, Ali Khamenei, 85 år, ein gong døyr.
Svein Gjerdåker
Teksten vart oppdatert onsdag 23. mai kl. 15:00
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det er merkeleg, for å seia det nøkternt, å sjå bileta av tusenvis av menneske flokka seg rundt båra og hylla ein død autokratisk, islamistisk president. Men det er ikkje noko nytt. Døde diktatoriske leiarar har stadig vorte hylla av massane opp gjennom historia.
Den no avlidne presidenten i Iran, Ebrahim Raisi, har mykje på samvitet. Dei siste åra har han sendt moralpolitiet ut i gatene for banka opp jenter og kvinner som ikkje vil gå med hijab. Noko meir ynkeleg enn å banka opp unge jenter fordi dei syner fram håret sitt, kan ein vanskeleg tenkja seg.
Men Raisi, som deltok som 18-åring i den islamske revolusjonen i 1979, har vore brutal så lenge han hatt makt i Iran. Han har vore ein del av eit regime som har drive med systematisk undertrykking og vald mot folket i over 40 år.
Nullpunktet til Raisi var i 1988, då han som statsadvokat i landet var medansvarleg for masseavrettinga av tusenvis av politiske motstandarar. Amnesty hevdar at så mange som 5000 vart avretta sommaren 1988. Etterkomarane etter dei drepne får no aldri oppleva at Raisi må stå til ansvar for massedrapa framfor ein internasjonal domstol.
Er det von om at den islamske republikken kan stå for fall? Det er umogeleg å spå, men regimet er seigliva. Ikkje uventa vart hijab-oppstanden i 2022 slått brutalt ned. Likeins oppstanden i 2019, 2014 og 2009. Er ein viljug til å bruka nok vald mot sitt eige folk, kan ein halda på makta lenge.
Og Raisi lèt seg nok erstatta. Sjansen for ei positiv utvikling for Iran er større når den åndelege leiaren, Ali Khamenei, 85 år, ein gong døyr.
Svein Gjerdåker
Teksten vart oppdatert onsdag 23. mai kl. 15:00
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.