Innfør avgifter på store elbilar

Publisert

Regjeringa – med Høgre, som ein gong var eit parti for nøktern bruk av offentlege pengar – aukar i revidert statsbudsjett denne veka oljepengebruken på nytt. Og det i ei tid med vekst i norsk økonomi.

I 2002 brukte vi 12 milliardar oljekroner over statsbudsjettet. I år skal regjeringa nytta 238 milliardar. Det var ikkje i eit slikt omfang oljepengane var tenkt å nyttast, dei skulle heller sparast til seinare generasjonar.

Éin grunn til auken i oljepengebruken i år er at regjeringa vil kompensera for nedgangen i avgiftsinntektene på grunn av veksten i salet av avgiftsfrie elbilar. Fråfallet av desse inntektene vil berre auka på i åra som kjem. Finansdepartementet har rekna ut at avgiftsfritaket for elbilar kan koma til å redusera skatteinntektene i 2025 med 23 milliardar.

Det er såleis på høg tid å revurdera særordningane for elbilar. Kvifor gje avgiftsfritak og gratis bompengepasseringar til eigarar av dyre luksusbilar? Den mest selde bilen i september 2018 var Tesla X, og den billegaste varianten av den er fem meter lang og veg 2,3 tonn.

Er det slik ein skal driva god klimapolitikk og få folk med seg til å snu samfunnet i klimavenleg retning? Skaper det ikkje heller uvilje og motstand mot dei mange ulike tiltaka som må gjennomførast for å få til ein klimapolitikk som monar?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement