Truleg var vi mange som først trekte litt på skuldrene over avsløringane til varslaren Edward Snowden i juni. Kor overraskande var det eigentleg at NSA, den største etterretningstenesta til USA, truleg har tilgang til persondata frå servarane til Facebook, e-posten vår på Hotmail og rullebladet vårt hos Google?
Og kor nøye er det eigentleg med denne datasnokinga til USA, når vi for lengst har akseptert å bli overvaka i detalj? Dei fleste som brukar Facebook og liknande herlegdomar, veit truleg at dei gjev avkall på mykje av personvernet sitt i det dei trer inn i nettsamfunnet. Vi har godteke at rørslene våre på nettet dagleg blir registrerte og selde som handelsvare. Storebror ser oss, men det moderne tilværet liknar meir på Huxleys behageleg likesæle Vidunderlige nye verden enn Orwells brutale 1984.
Men det vil ikkje seie at den massive dataovervakinga som NSA driv med, er akseptabel. Og om metodane til NSA ikkje toler dagslyset, fortener ikkje Edward Snowden å jagast som ein forbrytar verda rundt for å ha avslørt dei. Han fortener takk, fordi han har levd opp til ideala for det opne, demokratiske samfunnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.