I Russlands makt
Striden om Krim-halvøya og framtida til Ukraina er ein av dei potensielt farlegaste konfliktane verda har stått overfor på mange år.
Noko av kjernen i konflikten er at russarane ser på Krim-halvøya og resten av Ukraina som ein del av Russland. Det gjorde òg ein mann som Alexandr Solzjenitsyn, den kjende forfattaren og dissidenten frå sovjettida. For han var Ukraina eit sjølvsagt russisk kjerneområde, saman med Kviterussland og Nord-Kasakhstan.
Russarar flest stør difor opp om Putins Ukraina-politikk og meiner han er legitim. President Putin ser på politikken som sjølvsagd og rasjonell. For han er Russland både ein nasjonalstat og eit imperium. Sjølv er Putin ein tsar med eit historisk oppdrag: å halda fast ved det ortodokse riket. Då må Krim sikrast av russarane.
Desse russiske haldningane gjer at Ukraina aldri kan føra ein heilt sjølvstendig politikk. Landet må til kvar tid ta omsyn til Russland. Krim vart overført frå den russiske sovjetrepublikken til den ukrainske sovjetrepublikken i 1954. Kanskje hadde det vore betre om Ukraina, då landet vart ein sjølvstendig stat i 1991, hadde gjeve frå seg Krim til Russland att. Eit slikt grep ville gjort Ukraina mindre, men friare.
Men no er krisa eit faktum. Og omverda kan berre påpeika det sjølvsagde, at internasjonale avtalar og eit lands suverenitet må respekterast. Men det er lite makt å setja bak desse krava. EU og USA vil ikkje involvera seg i ein væpna konflikt i Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.