Humanismens dilemma

Publisert

Kviterussland driv eit kynisk maktpolitisk spel med bruk av menneske i ein prekær situasjon der alt tyder på at dei lokkar og sender migrantar – mange av dei er sikkert flyktningar òg – til den polske grensa. Alt for å hemna seg på sanksjonane som EU har innført mot Kviterussland. Situasjonen er ekstra vanskeleg fordi den kviterussiske diktatoren Alexandr Lukasjenko er ustabil og uføreseieleg. Dessutan har han i denne saka openbert støtte frå Russland.

Det vanskelege tilhøvet mellom Polen og EU gjer ikkje konflikten lettare. Polen har vorte stadig meir autoritært og er no i konflikt med EU fordi regjeringa meiner ho ikkje treng å respektera avgjersler frå EU-domstolen. Migrantkrisa har såleis kraft i seg til å både svekkja tilhøvet mellom EU og Polen endå meir og forverra tilhøvet mellom EU og Russland.

Oppe i alt dette skal EU balansera mellom ideala frå menneskerettsdomstolen i Strasbourg og ynsket om ein streng flyktningpolitikk. I denne konstante og nærast umogelege balansepolitikken til EU vil humanismen uunngåeleg tapa gong etter gong, for trykket av migrantar og flyktningar som vil til EU-landa, er stort og aukande.

Men uansett må det vera visse grenser for kor streng innvandringspolitikk ein kan driva. Sjølvsagt kan ein ikkje la seg pressa av statar som kynisk nyttar menneskelege tragediar som maktmiddel. Men ein kan heller ikkje la tusenvis av menneske lida på den måten vi ser på grensa mellom Kviterussland og Polen. Situasjonen er akutt, og vi veit at Lukasjenko ikkje bryr seg om tap av menneskeliv. Polen må difor overtalast til å opna opp og sleppa til humanitære organisasjonar som kan gje vern i ein desperat situasjon. Den same tilgangen må Frontex, som har ansvar for kontroll av EUs grenser, få.

Problemet for Polen vert då at landet vert sitjande med ansvaret for migrantane, for ansvarsfordelinga fungerer ikkje internt i EU. Berre spør Italia. Men no har Polen få flyktningar frå før. Og at fordelinga ikkje fungerer, kan landet takka seg sjølv for, for Polen har motarbeidd dette prinsippet i EU.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement