Homofile kan no få gifta seg i kyrkja. Like etter midnatt natt til 1. februar denne veka vart det fyrste homofile paret vigd i Eidskog kirke. Hendinga er ein endeleg siger i den lange homokampen. Lang, ja, men likevel, må ein seia: Når kampen fyrst kom i gang, har det gått fort. Kven hadde trudd på 1990-talet at kyrkja skulle koma til å via homofile i 2017? Talen om synd var då enno langt framme.
Teologisk er vedtaket problematisk. Det er ein etisk argumentasjon som har fått gjennomslag: Det er ikkje rett å halda nokon utanfor ekteskapet basert på legning eller kjønn. Ein har freista med teologiske argument: at Guds kjærleik er større enn ekteskapet og famnar vidare enn den tradisjonelle oppfatninga av kva ekteskapet er. Men det er vanskeleg å lesa den klassiske skapingsteologien på denne måten.
Når ein kan oppheva den tradisjonelle bibelske forståinga av ekteskapet, kvar går då grensa for kva som ikkje kan endrast i den lutherske læra? Kva er att av den indre kjernen som det ikkje kan rokkast ved? Det vil vera eit spørsmål kyrkja må slita med i all framtid. Endringsviljen ein ser i den lutherske kyrkja, synest utenkjeleg i den katolske eller ortodokse kyrkja.
Men i den norske lutherske kyrkja er altså teologien under kontinuerleg diskusjon og endring. Skrift og tradisjon må vika til fordel for sekulære politiske og etiske føringar. Faren ved å gje etter for slike føringar er at kyrkja svekkjer seg som ei fast moralsk rettesnor. Ikkje minst når vedtaka er gjorde etter avrøystingar der òg lekfolk kan delta.
Men dette må kyrkja sjølve avgjera – heilt på eiga hand – ikkje gjennom regjering og storting, slik statskyrkja tidlegare vart styrt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.