Høgst uklart resultat

Publisert

Korleis vil det gå med Storbritannia etter brexit? Norske Nei til EU er optimistar og jublar for avtalen og den britiske utmeldinga. «Great, Britain», står det i desse dagar med stor skrift på eit britisk flagg på nettsida til Nei til EU, samstundes som dei «ønsker avtalen mellom Storbritannia og EU velkommen».

Men kva som vert resultatet for Storbritannia på sikt, er høgst uklart. Storbritannia vil framleis kunna tiltrekkja seg gode folk og mykje pengar. Og det er på mange måtar fascinerande og modig at dei går ut av EU. Det syner kraft og sjølvtillit, i stil med dei to norske folkerøystingane, som rett nok vart varig undergravne med EØS-avtalens demokratiske underskot.

Men er det lurt av britane? Vil brexit tena den store delen av folket og sikra dei arbeid? Det er mindre sikkert. For utan medlemskapen i EU vert det no langt meir krunglete og kostnadskrevjande for britane å selja varene sine i EU.

For dei har jo ikkje ein EØS-avtale, som Noreg har, som gjer samarbeidet føreseieleg og bidreg til at Noreg klarer seg økonomisk godt utanfor. Den britiske eksportindustrien til EU vil no oppleva ein endå tøffare kvardag. For å klara seg er faren no stor for at den britiske industrien litt etter litt må redusera lønene og miljøkrava sine for å vega opp kostnadene ved å stå utanfor EU.

Og kva gjer skottane som ønskjer EU-medlemskap? Og kva skjer med Nord-Irland? Og korleis vil den britiske utmeldinga påverka Europas evne til å stå saman om politiske utfordringar i framtida?

Det er altfor mykje som er usikkert. Difor er det eit modig standpunkt Nei til EU har teke. Det verkar som om dei har overført for mange av dei norske nei-argumenta til den britiske debatten. Men den norske røyndomen er av liten interesse for Storbritannia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement