Høgare skatt for oppdrettsnæringa

Publisert

Denne veka skriv vi om den nye NOU-rapporten om framtidig skattlegging av den norske havbruksnæringa. Rapporten er velskriven og ein interessant innføringstekst i heile sakskomplekset.

Det er i dag 100 oppdrettsselskap som driv i næringa. Fire av desse selskapa står for 50 prosent av produksjonen, som i 2018 var på i alt 1,3 millionar tonn laks og aure.

Fyrstehandsverdien av denne produksjonen var på 67 milliardar kroner, bidraget til BNP var på 32 milliardar. For å setja det i perspektiv: Bidraget frå det vanlege «villfisket» var på 13 milliardar kroner. Lønsemda i oppdrettsnæringa, i røynda 600 anlegg, er òg høg, særs høg. Like eins aksjeverdiane.

Noko av grunnen til denne enorme innteninga er at næringa i praksis opererer innanfor eit eksklusivt, lukka system der nokre få selskap har nærast full kontroll over alle konsesjonane – konsesjonar som i røynda er utan tidsavgrensing og såleis altså evigvarande.

Men føresetnaden for heile næringa, og dei enorme inntektene, er utnytting av avgrensa felles naturressursar som staten har gjeve oppdrettarane disposisjonsrett til. I slike tilfelle, som i petroleumsnæringa, er det brei semje om at hovudinntekta frå verksemda skal gå tilbake til fellesskapen i form av det vi kallar grunnrente.

Ei slik grunnrente er no det einaste fornuftige å gjera krav på andsynes denne næringa, noko fleirtalet i NOU-utvalet føreslår. Diverre føreslår utvalet berre ei grunnrente på 40 prosent. Ho burde vore på nivå med petroleumsnæringa – altså 56 prosent, som er nivået i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement