Like før påske gav Utanriksdepartementet klårt uttrykk for at regjeringa ikkje ville henta heim borna til norske IS-krigarar og IS-mødrer: «Slik situasjonen er nå, er det ikke aktuelt å hente ut norske borgere fra slike leirer, heller ikke barn.»
Denne veka seier utanriksministeren: «Regjeringen arbeider aktivt med å se på mulige løsninger for foreldreløse norske barn.» Lite har hendt sidan påske anna enn at mediepresset mot regjeringa har auka. Det er likevel klokt at regjeringa no områr seg. Men saka har vore oppe til debatt i lang tid, og regjeringa burde for lengst ha kome med ei prinsipiell tilnærming.
Det er eit fornuftig prinsipp at eit land hjelper eigne statsborgarar som måtte vera i fare i utlandet – særleg når det er tale om born. Difor bør regjeringa gjera det dei kan for å hjelpa heim både foreldrelause born og born som er i lag med mor si. For det er det vi talar om her. Mora må deretter stillast for retten i Noreg, men helst for ein internasjonal straffedomstol. Det hadde vore freistande å ta frå dei statsborgarskapen, men det går ikkje i eit rettssamfunn.
Så kjem det innvendingar om at ein ikkje bør hjelpa desse borna meir enn alle andre born i same situasjon. Men så universelt kan ein i praksis ikkje tenkja. Det vil sprengja våre eigne ressursar, og det beste vert det godes fiende.
Noreg og verdssamfunnet skal prøva å hjelpa dei andre så godt vi kan, men vi har likevel eit særskilt ansvar for born av eigne statsborgarar. Noko anna vil svekkja ideen om statsborgarskapen og dei pliktene og rettane det medfører å tilhøyra ein nasjonalstat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.