Hemningslause medium

Publisert

Eit fleirtal av russarane, iallfall inntil vidare, trur på forteljinga til styresmaktene om «spesialoperasjonen» i Ukraina. Iallfall om ein skal lita på dei meiningsmålingane som er gjorde, med alle dei feilkjeldene slike målingar har i eit autoritært land som Russland.

Kvar støtte til krigen er knapt til å skjøna når ein ser bilete av Mariupol og samstundes høyrer det russiske snakket om det ukrainske broderfolket. Dei russiske innbyggjarane kan sjølvsagt ikkje fritakast for eigeansvar. Det har trass alt vore nok av informasjon tilgjengeleg dei siste åra som har avslørt at styresmaktene ikkje er til å stola på lenger.

Men når ein har levd lenge nok under eit autoritært regime som i årevis har manipulert og styrt dei sentrale media, har ein tydelegvis lenger korkje mot eller kunnskap til å stå opp mot krigen. Eller ein får mistillit til all informasjon og veit ikkje kva ein til slutt skal tru på. Kombinert med ein utbreidd idé blant folket om å attskapa det storrussiske riket skaper ikkje dette akkurat grobotn for eit folkeleg oppgjer mot krigen.

Russiske medium gjer seg no, time etter time, dag etter dag, skuldige i eit intellektuelt og moralsk overgrep mot folket dei er sett til å opplysa. Dei regimetru, russiske media har mista alle hemningar. Dag og Tid har dei siste vekene gjeve att lange sitat frå aviser og fjernsynsprogram som fortel om gjennomkorrupte og lygnaktige medium.

I dagens avis siterer vi frå internettsendinga til Vladimir Solovjov sist laurdag. Solovjov er Russlands mest kjende journalist og har sitt eit eige debattprogram på TV-kanalen Russland 1 fem kveldar i veka. Det han formidlar, er både tragikomisk og skremmande.

Eit absurd utslag av kor langt sensuren og overvakinga i Russland er komen, er den unge mannen i Novosibirsk som nyleg stilte seg opp på ein open plass i byen med eit kvitt A4-ark utan påskrift av noko slag. Då han ikkje ville leggja frå seg arket, vart han konfrontert med nokre lovparagrafar av politisjefen i byen og ført bort av politiet. Hendinga hadde ikkje stått til truande i ein roman, men er dokumentert og ligg på YouTube.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement