JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Heimlege hestehandlarar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1918
20211119
1918
20211119

Mindretalsregjeringa freistar i skrivande stund å få fleirtal for statsbudsjettet sitt med røystene til SV, og agnet lèt av alle ting til å vera, mellom anna, feriepengane til permitterte og arbeidslause.

Korleis Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV har tenkt i denne saka, og kva dei meinte å oppnå, veit berre dei sjølve. Det me andre les og oppfattar, er at Ap/Sp-regjeringa alt fyrste veka ved makta har brote lovnaden om å bøta på ein urett som dei borgarlege gjorde mot ei utsett gruppe i det norske samfunnet.

«Småleg», sa Støre sjølv i fjor, då Solberg-regjeringa gjorde det same. No er det regjeringa hans som salderer statsbudsjettet med feriepengar, og spørsmålet er kvifor.

Politiske kommentatorar har svar: Det er eit kynisk spel om makt som går føre seg, også her til lands, på kostnad av dei fattigaste. Speleregelen skal vera at når SV krev at regjeringa løyver desse feriepengane likevel, skal Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum gje etter, og SV vil nøya seg med å pynta juletreet med ein skinande blank symbolsiger som ikkje kostar eller endrar stort.

SV nekta, som me no veit, å gå på limpinnen: «Det kan ikke bli slik at regjeringen lar være å foreslå det som er deres løfter, og at SV må kjempe for å få det inn i budsjettet», sa Audun Lysbakken, og ingen kan vel klandra han for det – andre enn den politiske rivalen til venstre, Mímir Kristjánsson, som vel veit å nytta høvet.

Her må me ta atterhald om at «det kyniske spelet» kan vera berre ein påstand frå vonde tunger, og eventuelt ei mistyding hjå skuffa støttespelarar, men den mistydinga er det i så fall Støre og Vedum sjølve som har skapt. Difor er det dei som har den moralske bevisbøra og ansvaret for å retta opp inntrykket.

Om det ikkje er eit politisk spel som går føre seg, gjev det lite trøyst å tenkja på kva det å ta feriepengar frå fattige og brillene frå born skulle vera godt for.

Johan Brox

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis