JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Hamas er ein terrororganisasjon

Aksjonen til Hamas sist veke er så grotesk at han er knapt til å tru. Det er ei terrorhandling av verste sort som gjev assosiasjonar til Utøya.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utbrende bilar i nærleiken av festivalen som vart angripen av Hamas.

Foto: Ronen Zvulun / NTB

1463
20231013
1463
20231013

Hamas-krigarar har skote sivile på kloss hald i ein massakre. Å sjå jubelen frå gatene i Teheran og andre stader er motbydeleg.

Hamas-krigarane er styrte av islamistisk ekstremisme og martyrideologi. Mange av dei har ikkje hatt forventningar om å overleva aksjonen. Men for slike er det å døy i kamp mot Israel ein veg til martyrdom og paradis.

Faren no er at situasjonen kan spreia seg til Vestbreidda, med oppreist og ein ny intifada. Og i verste fall kan det koma til krig mellom Iran og Israel. I Europa kan vi på nytt få oppblomstring av islamistisk ekstremisme.

Israel har rett til å forsvara seg mot terror, men dei må handtera situasjonen klokt. Konsekvensane av ein bakkekrig vil vera katastrofale for dei to millionane sivile – halvparten born – som bur på Gazastripa. Kampar gate for gate i Gaza by vil kunne få uante følgjer og ta livet av mange uskuldige.

Diverre vil terroraksjonen til Hamas og Israels reaksjon på aksjonen fort koma til å styrkja dei reaksjonære kreftene i Israel og islamistane på Gaza og Vestbreidda.

Situasjonen på Gaza må på sikt endrast fundamentalt. Folk kan ikkje bu slik dei gjer, innestengde på eit lite område. Då vert det aldri fred. Vonløysa og dei særs vanskelege livsvilkåra på Gaza vil berre produsera nye ekstremistar.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis