Halvgjort frå den nye regjeringa
Gratulerer til Troms og Finnmark! Den nye regjeringsplattforma slår fast at samanslåinga av dei to fylka skal reverserast. Det er fornuftig av den nye regjeringa. Samanslåinga var eit mistak, og folket i Finnmark viste tydeleg motstand i folkerøystinga om saka. Den røystinga hjelpte likevel lite. For som regjeringspartiet KrF sa på direkte spørsmål frå Dag og Tid: «Vedtaket står uavhengig av folkeavstemning.» No blir dette mistaket heldigvis retta opp.
Diverre fylgjer ikkje regjeringa like godt opp dei andre fylkessamanslåingane som òg bør reverserast. Fyrst og fremst gjeld dette Viken og Vestland. Der skal den vidare lagnaden til fylka avgjerast med vedtak i fylkestinga.
Det er ei uheldig ansvarsfråskriving. For det er regjeringa og Stortinget som må avgjera korleis fylka våre skal sjå ut og landet vårt skal styrast, ikkje dei nye fylkestinga.
Difor bør den nye regjeringa slå fast at også Viken – som er ei meiningslaus samanslåing av Østfold, Akershus og Buskerud – skal avviklast, og at dei gamle fylka skal gjenopprettast. Det same burde regjeringa gjere med Vestland. Både Hordaland og Sogn og Fjordane har tydeleg identitet som eigne fylke og bør halda fram som det.
Det vil sjølvsagt kosta å reversera inndelinga. Tala er usikre, men til no kan fylkessamanslåingane samla ha kosta rundt 700 millionar kroner. Mest har det kosta i Viken, truleg minst i Finnmark og Troms fylke, som enno ikkje har slege saman fylkesadministrasjonane.
Ein skal ha stor respekt for bruk av offentlege pengar, men det kostar å retta opp politiske feil.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.