Leiar
Grotesk feiring
Iranarar feirar 47-årsdagen for revolusjonen i 1979.
Foto: Majid Asgaripour / WANA / Reuters / NTB
Den islamske republikken Iran feira denne veka 47-årsdagen for revolusjonen i 1979. Bilete frå feiringa syner at det framleis er mange som støttar regimet: «Allah er størst», «død over USA», «død over Israel», gjalla det frå gatene. Ein mister trua på fornufta når ein ser slike feiringar etter snart 50 år med så mykje undertrykking og vald.
Måtte det verta den siste feiringa, slik at mullaregimet må stå til rette for ugjerningane sine. Men regimet er seigliva og skyr ingen middel for å halda på makta. Måten dei brutalt slo ned demonstrasjonane i desember og januar på, syner det til fulle.
Kor mange som vart drepne, er uklart. Tala varierer sterkt, frå fire tusen til fleire titusen. Den USA-baserte iranske menneskerettsorganisasjonen Hrana meiner dei så langt har dokumentert 6872 drepne, av dei 150 born. Det dukkar stadig opp nye videoar med bilete av lik i gatene og folk som vert drepne.
President Donald Trump møtte Israels statsminister Benjamin Netanyahu i Washington denne veka. Tema var forhandlingane om ein atomavtale med Iran. Israel vil òg inkludera dei langtrekkjande iranske missila. Kva som skjer i praksis, og om USA set i gang ei ny bombing, er umogeleg å spå.
Under dei dramatiske demonstrasjonane i januar oppmoda Trump iranarane til å halda fram opptøyane. 13. januar skreiv han med store bokstavar på Truth Social at «hjelpa er på veg». Ho kom ikkje.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.