Gresk tragedie

Publisert Sist oppdatert

Hellas har svært mange av dei klassiske kjenneteikna til eit u-land. Éin ting er økonomien. Men landet har òg eit politisk system prega av klientisme, der dei som styrer til kvar tid deler ut pengar for å sikra oppslutnad og lojalitet.

Korrupsjonen gjennomsyrer samfunnet heilt ned til dei enklaste offentlege tenestene. Og det manglar noko så avgjerande som eit effektivt og truverdig skattesystem. Di meir ein les om vanstyret i landet – tiår etter tiår – di meir provosert vert ein.

Og det starta lenge før Hellas innførde euroen. Difor burde landet aldri vore med i EUs valutaunion. Ein valuta­union må vera samansett av mest mogeleg like land med felles budsjettpolitikk. Når EU fyrst tok landet med i euroen, burde dei ha fylgt opp med ein streng budsjettkontroll og hindra Hellas dei enorme låna landet tok til.

Men det skjedde ikkje. EU var styrt av overmot og tok ikkje inn over seg at i internasjonal politikk må ein òg ta omsyn til nasjonale og kulturelle skilnader.

Kva gjer landet no? Det er nærast umogeleg å svara på spørsmålet. Som euro-medlem kan ikkje Hellas devaluera valutaen. Alternativet er å halda fram innsparinga og få ned lønene. Problemet då er at folk misser kjøpekraft og at arbeidsløysa stig. Dessutan ligg den enorme statsgjelda der og øydelegg alt handlingsrom.

Krisa i Hellas har fleire taparar. Fyrst og fremst det greske folket, men òg EU som organisasjon, som har synt seg anten naiv, uansvarleg, handlingslamma eller inkompetent – eller alt på ein gong. Dessutan resten av Europa. For økonomisk vanstyre avlar ekstremisme.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement